mandag 7. november 2016

Long time -no see! ツ

Blir heilt himmelfallen når eg ser at eg ikkje har blogga på nesten eit år...!
Kjenner at eg har sakna det til ein viss grad, men samtidig har eg kjent på at det tok litt mykje tid å lage til innlegga, tid eg ynskte å bruke på andre ting...
Men, eg ser at det er utruleg kjekt å ha bloggen som eit slags album som det er kjekt å sjå innom for å sjå tilbake på kva eg har laga og ikkje minst som eit lite oppslagsverk når eg lurer på kva gjodre eg den gang då!
Og så har det vorte lettare å berre bruke Insagram då det er mykje kjappare og bruke bilder kjapt på telefonen, men det vert jo mykje knappare og mindre detaljert, spesielt når det gjeld handarbeid.

Eg er spent på om eg klarar å ta opp att tråden, men eg er instillt på å prøve litt, så får det heller bli litt i rykk og napp, alt etter kva tid som strekk til ツ
-Og så må eg jo berre sei at det er no litt kjekt når eg høyrer at folk har sakna innlegg frå meg! Tusen takk for slik "tillit" ❤

 Det har vore eit litt stille handarbeidsår, men litt har det no vorte.
Det har vore året for mange fine turer med fine motiv frå vårt vakre Vestland, som eg sjølvsagt burde hatt med litt av, men får gå for litt handarbeid no.
Eg får legge ut litt etterkvart av det, her kjem første runde ツ
*
Eg var ikkje sein å be når eldstemann proklamerte at han godt kunne hatt ein strikkegenser!
(Trudde aldri at det skulle skje!)

Det vart Mariusgenser i dei tradisjonelle fargane.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka
(fortsatt yndlingsgarn ツ)
Herrestørrelse S
Brukte 8-9 nøster blå
litt meir enn 1 kvitt nøste
og litt raudt
Pinne 3,5 

 I vinter var det tid for egostrikk i form av ein Fanakofte til meg sjølv.
Har lenge hatt lyst på den. Skulle eigentleg strikke den i grå og kvit, 
men då grått var utseld i lange tider, valde eg å gå utanfor "safe-sone"
og er i grunn godt fornøgd med den, med fare for at eg kanskje må ha 
ein grå òg seinare ein gong...  ツ
*
Strikka i Sterk denne også.
Pinne 3,5
9 nøster (5 rosa og 4 kvit)


Tar med litt småstrikk frå våren...
"Allersmössan" til meg sjølv, strikka i Sterk!

 Var også innom nokre "Tora-pannebånd" frå Klompelompe.
Strikka i Drops Merino Extra Fine


Lite glimt frå ein flott stølstur i går i nydeleg klårt haustvêr


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar