søndag 22. november 2015

Mariushue ut på tur ツ

Mariushue var ein del av årets farsdagsgåve.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka etter vanleg Mariusmønster, herrestr.
Alltid spennande sjå om det vert treff, i og med at far i huset er "allergisk" mot stikkande klø-garn (men dette klør altså ikkje!), og modellen attpåtil var av den "baggy" sorten.  ツ
Men det vart fulltreff, for far skryter av varm og god hue (litt opplæring må riktignok til når ein baggy hue skal brukast og sitte rett når ein er fersk i faget...fnis....)
-og kløing har eg ikkje høyrt eit pip om! 
Huen var i bruk seinast i dag på tur! (>‿◠)✌

 I dag lufta vi oss med tur i Førde. Frå Grovene til Legene, ein støyl under Førdsnipa.

 Vår firbeinte turkompis set stor pris på å få vere med.
Greit med tørt og fint vêr, for ho her treng ein klypp....Ikkje særleg praktisk med så lang pels.
Skal tru om ho ser noko framfor auga lengre...huff, nei mor må nok kvinne seg opp med klyppemaskina igjen....

 I formiddag hadde vi nok årets aller siste solstrålar inn i huset, eg rakk akkurat å knipse 
i dei få minutta ho var framme...
No satsar vi berre på at vinteren vert like fin som hausten ツ


lørdag 14. november 2015

✻ Tova Mariusvotter ✻

 Her har det i det siste gått i tovede Mariusvotter.
Det er nok ikkje berre her hos meg det gjer det om dagen, ser ei liten eksplosjon av desse på
nettet, blogger, instagram... 
Så kjekt å sjå alle dei fine fargevariantane som vert til rundt om i det ganske land.
Vottane er greie og kjappe og ein blir ikkje så lett lei når ein kan variere i fargar. 
Eg strikkar i originalgarnet "Fritidsgarn" frå Sandnes, og der er det maaaange fine fargar å velge i.
Dei gule over her er dei som er brukt i Sandnes si oppskrift, ein fargekombinasjon eg aldri haddde kome på sjølv, men dei er jo berre så fine, så eg måtte prøve dei òg ツ


 Desse lyseblå var dei første eg laga, men med toving er det aldri godt å vete 
heilt kva som kjem ut av maskina...  
Dei vart litt hardt tova, og vart litt små i størrelsen. 
Då hadde eg ei dongerishorts i lag med, på langprogram og 40 grader, 1400 omdr sentrifugering.
Så på neste forsøk gjekk eg for kortprogram, 40 grader, 1000 omdr, og istaden for dongeriplagg vart det ein tennisball i lag med. Då vart resultatet bra, hurra!!
Men eg ser og at at dei forskjellige fargane kan tove litt ulikt. 
Til eksempel var dei grå og gule vottane tova i samme vasken og dei gule krympa meir i breidda enn dei koksgrå....men det var forsåvidt greit sidan dei grå var strikka med største
 lengde og tenkt til herre ツ 

 Mønsteret er frå Sandnes Garn og ligg gratis på nett
♥ Ha ein fin helg ♥


søndag 1. november 2015

★ Bursdagskort ★

 I helga har eg kosa meg med å lage kort til ein 4-åring.
Og etter gammalt har eg malt motiv med Distress, det er jammen lenge sidan eg har
gjort, men kjekt var det. Nesten litt meditativt å sitte å male.... 



 Kortet er eit "Tag-kort" med fram- og bakside, 12 x 20 cm.
Stempelet er gammalt og godt frå Magnolia.
Ellers er det brukt sugerør frå Nille, pyntemynt, Dymo, stempel embosset 
med kvit og litt kritt her og der...