søndag 13. september 2015

✪ Mariusgenser ✪

 Har gått litt trått med blogging her i seinare tid, blitt litt tiltak desverre, men trur stadig eg skal komme sterkare tilbake.... Vi får sjå... Er jo så kjekt å finne inspirasjon på nettet sjølv....
Men her kjem i allfall noko! 
I sommar vart denne gensaren ferdig til snuppa! 
Faktisk min FØRSTE  Mariusgenser!!!
(Men ikkje siste....har ein på pinnane no faktisk...!)
Fekk overtalt snuppa om at ho trengde eit strikkaplagg til kaldare tider
(fleece er vel og bra, men er ikkje i nærleiken av ULL!)
Ho sa seg etterkvart einig, og fekk velge fargar sjølv, -eg stod for utvelging av garn(!)
Det vart sjølvsagt STERK frå Du Store Alpakka, det garnet er berre heilt herleg, med blanding av merino og alpakka, favorittar begge to!
Ho vart kjempefornøgd og har faktisk brukt den mykje allereie (kald sommar....)
-og ingen klaging om at den klør!!! 

-Huen var strikka frå før, men no har ho fått ein som er full-match òg!-

 Mønster: Sandnes Tema 15 voksne Klassikere, Nr.11 Mariusgenser med rund sal
Garn: Sterk frå Du Store Alpakka (lik strikkefasheit som garnet i oppskrifta)
Pinner: 3 og 3 1/2 (nr.4 på mønster)

Strikka i XS men med ekstra lengde på bol og ermer
(lang 12 åring)
På mønster går eg stortsett opp ein halv pinne for at det ikkje skal
 bli strammare (smalare) der det er mønster.
Og rundt halsen felte eg 16 m meir enn i oppskrifta, då eg synast den er for vid i halsen
på originalen, ble fornøgd med det!