mandag 25. mai 2015

Konfirmasjonskort - del 2

 I år var vi også fadder på ei av konfirmantane, 
då måtte det leggast litt meir flid i det.
Det var utruleg morro å titte gjennom bilder og lage eit litt meir forseggjort kort.
Før eg starta på årets konfirmasjonskort var eg veldig spent på om eg klarte å finne fram 
kreativitet og lysten. Har vore veldig labert på kortsiden siste året, men
å bruke meir bilde var utruleg moro, og det gav virkeleg meirsmak når eg kom i gang!

 Nokre bilde er henta frå Facebookprofil og nokre få albumet mitt.

-Og vart endå meir sikker på at eg er nøydd til å lage litt LO'er etterkvart igjen,
til hausten må eg finne fram bilder og sette i gang, trur eg! :)

 Kortet er laga med ein ekstra side som vippes opp.


Baksida


søndag 24. mai 2015

Konfirmasjonskort- del 1


 På aller høgste tid med ein oppdatering her.....
Bedre sein enn aldri osb.....
Har hatt konfirmant sjølv i år og då har tida gått til heilt anndre ting
enn oppdatering av blogg, men eg har altså ikkje lagt på latsida av den grunn.
Her er konfirmasjonskorta laga til klassekameratar og venner
.
 Hadde lyst å lage dei litt personlege, men ikkje så avanserte at tida ikkje skulle strekke til.
Så i år vart det "tag- variant". Kun to sider å dekorere, då var det håp om
 å komme i hamn mellom alt anna.

 Bileta er henta frå profilbilde på facebook så ikkje noko hemmelege bilder.

 På baksida limte eg på ei lita plastlomme til å putte pengar i, enkelt!
Ellers er det brukt stempel til tekstar og har skrive ut på pc'n både helsing 
og ein del "småkrims"


Kjem tilbake med litt meir snart! :)