onsdag 19. november 2014

Fotodag

 I dag har eg hatt fri og god tid til å leike meg med kamera på tur.
God tid + kamera + dagslys + hund
=
L Y K K E



 Det vart rusletur i nærområdet i herleg haustvêr


  Dette bildet er verdt å granske litt...

Det er faktisk satt 
O P P - N E D
Speglinga i vatnet var så kul at eg snudde bildet opp/ned eterpå!



 Hunden var med og må pent vente litt mens mor fotograferer...



I dag vart bilda ganske så forskjellige utifrå kva himmelretning dei vart tatt i mot



søndag 16. november 2014

Flugestøylen

 I dag gjekk turen til Flugestøylen i Jølster.
Er ikkje anna enn utruleg at vi kan gå til fjells i 10 varmegrader midt i november!
-og det var ikkje eit vindpust på vegen heller!
 
Har ikkje vore her før, det viste seg å vere ein superfin, lett tur til støls.
Ca. 3 km å gå frå parkering og fram til støylen. Lett terreng/sti som passa fint for kneet mitt som ikkje er glad i nedoverbakkar.


 Ein liten rast på støylen

 Herfrå kan ein fortsette framover ein 3-4 km til, og komme ned att i Botnen i Angedalen,
 det skal jammen prøvast ut ein anna gong!








Store delar av stien var reine luksus!
Mange plassar var det lagt ned mykje arbeid med steinlagt sti.

-Og så var det kjekt med alle dei lokale namna som var merka på skilt undervegs. Namna dei brukte
før i tida har lett for å bli gløymde, men her har det vore gjort ein flott jobb slik at andre kan få kjennskap til dei og at dei blir hugsa for etttertida. Det gir også litt undring undervegs på kva som har vore historiane bak namna....

 




søndag 9. november 2014

Tankestreg II

 Då er tankestregkjole nr.2 ferdig!
Denne gangen vart det grå striper  med lyngfarge på berestykke.
Har nesten strikka på akkord, jula nærmar seg skrekkelig fort når ein skal rekke over mykje...



Garn: Tynn Alpakka frå Du store Alpakka
Pinner: 3,5
Str. 10 år


Vart ikkje strikka i heile går, så no er det berre å hive seg rundt å få fart på pinnene!
-Prosjekta står i kø!!!



tirsdag 4. november 2014

Tovatøfler

 Sånn i mellom andre litt større prosjekt, har eg strikka eit par tovatøfler.
Eg fekk nemleg eit veldig søtt ønske frå eine tanteungen min nyleg. Ho spurde svært fint om eg kunne lage nye tøflar til ho då dei gamle var blitt for små, for det ønskte ho seg veeeeldig!
Slikt er ikkje råd for eit tante-strikke-hjerte å sei nei til ♥
Å vente heilt til jul var no litt lenge, kan ikkje ha kalde føtter heile hausten, så då var
det berre å hive seg rundt!
Og fargeønske var: Prinsesse-rosa! (surprice!!!) 

Tovatøfler
Skostr. ca.33 (6 år)
Garn: Drops Nepal
Pinner: 5,5mm

Legg opp 36 masker og strikk riller ca 22 cm
Strikk 2r, 2r sammen ut pinnen
Strikk 2 pinner rett
Strikk 1r, 2r sammen ut pinnen
Strikk 2 pinner rett
Strikk 2 r sammen ut pinnen
Strikk 2 pinner rett
Klipp av tråden og tre den gjennom maskene som står att.
Sy sammen frå tåen og opp til det står att ca. 12 cm
Sy sammen hælen.
Tov i maskin med grønsåpe og gjerne eit dongeriplagg.
(Her er det lurt å kjenne maskinen sin litt....min tover eg på 50 grader)
(Hjerter er nålefilta på etterpå)




mandag 3. november 2014

Sokker og huer i Mariusmønster

 Restegarnprosjekt med Mariusinspirasjon
Har endeleg fått testa ut å strikke i Mariusmønster samtidig som eg fekk brukt opp litt restegarn av ymse slag... Det er div alpakkablandinger frå Nille og Europris, deilige mjuke garn.
Mønster er henta frå boka "Marius strikkebok"
-ja, og så litt fri fantasi då.....

 Den lilla huen vart strikka i damestr, men vart passeleg til ein 6-åring....
Det var den eg starta på, og så balla det liksom på seg...Er ikkje eingong sikker på om alt verkeleg var av restegarn til slutt....Trur eg fyllte på med litt nytt og (strikka i sommar, så hugsar ikkje heilt)
Var kjekt å prøve seg litt med Mariusmønsteret, og synast det er fint, men trur ikkje det er favorittmønsteret å strikke...
Men no er det i allefall to fornøgde tanteungar med huer og varme føtter inn i novemberkulda!

Denne er også strikka av rester, men her er det neongarn som er brukt i mønsteret. 
Den vart strikka etter herrestr, og vart passeleg voksenstr.
Den er foreløpig hamna i gåvekorgen, så vi får sjå kvar den hamnar etterkvart....
 Alle huene og sokkane er strikka pinne nr. 3,5