onsdag 1. oktober 2014

Sitteunderlag II



Sitteunderlag

Det har vore den store bursdagsmånaden hos oss og strikkepinnane har nesten gått varme…
Sitteunderlag vart ein liten farsott hos meg, så her har søstre og svogere fått seg nye rumpevarmarar! 

Mykje som skal gjerast for tida, så det har vore hektisk aktivitet i heimen og på andre arenaer. Eg strikka som gal og den kvelden som det var pressa inn at sitteunderlagene skulle tovast for at eg skulle rekke å filte på tekst før innpakking, jau då, sitteunderlaga var plassert pynteleg i maskina kl. 22.30 om kvelden, då fann maskina det for godt å få hjerteinnfarkt!!!
Alle gjenopplivningsforsøk var fånyttes, og krisa var eit faktum!
Eg hadde jo ikkje meir enn tid og veg!
Den som måtte ty til hjelp i framand maskin dagen etter var sjølvsagt meg.....Heldigvis er gode hobbyvenner aldri langt unna, så eg fekk kyndig hjelp fra Mariann som har tova sitteunderlag i ei "vinternatt" før!
Tusen takk!


Kjekt å filte på tekstar! Det var i grunn det kjekkaste, men kjende det litt i skuldra etter kvart....



Personlege "namn" frå insta o.l gjer dei ekstra staselege!



Gjentek oppskrifta her:

Tova sitteunderlag:
Safirgarn, 5 bunter (Spar Kjøp)
Pinnenr. 9
Legg opp 60 m dobbel tråd
Strikk 43 riller
Fell av de 16 midterste maskene
Legg de opp på nytt i neste omg
Strikk 5 riller til, fell av!
Toves i maskin 40-50 grader gjerne
med et dongeriplagg



1 kommentar:

  1. De var flotte! Her har det blitt tova helt ufrivillig idag… Ha en herlig torsdag!

    SvarSlett