søndag 7. september 2014

Nordheia - Friluftslivets dag

 I dag har det vore "Friluftslivetsdag" med ulike arrangement rundt om i landet.
Vi  tok ut på "eigahand" til Nordheiane i Førde. 
Det er ikkje langt frå der eg vaks opp, så fjella her er "heime".
Likevel er det faktisk første gang eg går til fots opp her, har berre gått her på ski tidlegare, så det var på høg tid å gå stien.
Turen er ikkje lang og heller ikkje av dei brattaste så det passa godt for 
eit trøblete kne som likar dårleg å gå nedoverbakkar.
 -Og ein får mykje "utsiktsvaluta" for pengane! ;)

Det var mykje vind på toppen, berre sjå på bikkja, he-he...., synast det var litt
 morosamt med den luftige bakoversveisen! :)
Vi gjekk vidare frå varden på Nordheia 662 moh. og bort på Djupvikenipa 650 moh. der utsikten vert enno betre mot fjorden.

Det var såpass vind i dag at vi måtte eit stykke ned att i lia for å ta nistepausen.
Det var ein blå-grå dag og det ber bilda preg av, men vi var heldige og slapp unna regn, det vart berre nokre få dropar, og litt meir når vi kom ned att til bilen. 
Berre eit par timar etterpå låg heile Nordheia frå vegen og heilt opp innhylla i tjukk tåke!
Så om sikten kunne vore klårare i dag, hadde vi trass alt flaks!

Tek med eit kart i dag òg om nokon er interessert (frå UT.no)
Har merka inn kor vi gjekk. Stien er ikkje merka, men heilt tydeleg frå parkeringsplassen (før tunnellen) og heilt opp! På toppen er det ein liten varde med moglegheit for å skrive seg inn i bok Ein startar altså på høgresida når ein kjem frå Førde. Det er ca 2 km til varden på fin sti. 
Ein fin tur når ein vil ha ein litt lettare "topptur" med flott utsikt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar