fredag 21. februar 2014

Svelgde ein kamel og tok fram heklenålen...


OL-hue 2014...
For snart fjorten dagar sidan gjekk eg høgt ut, litt for høgt, og proklamerte at denne huen skulle eg ikkje lage...Eg har for lengst stått fram og hevda meg som ein ikkje heklar (klarer ikkje heilt å verte fortruleg med heklenål) og eg meinte jo sjølvsagt òg at denne kommer jo halve Norge til å gå rundt med, så då slepp eg å lage den....


Ja, det kan nesten sjå slik ut. Halve Norge går nok rundt i denne, fekk rett der...Men at EG skulle sette i gang med den var MEIR enn eg trudde! Men kva gjer ein ikkje når søtaste snupp spør fint?! 
Det er då måte på kva eit handarbeidsmammahjerte kan seie nei til!  -Og eg som er ein ikkje heklar...!


 Vel, det var berre å psyke seg opp og børste støv av både ferdigheter og heklenål...
Mest spent var eg på tolmodigheten, meg og hekling...
Men det gjekk på eit vis og vips så var eg godt i gang!

Eg lurte fælt på kva slags modell eg skulle gå for, det er litt forskjellige variantar som ligg ute på nett, og eit hav av garn å velge i. Dei fleste har vel gått for babyull til Dalegarn, noko tomme butikkhyller vitnar om. Eg gjekk for Sisu til Sandnes, dobbel tråd på heklenål nr 4.

Mønsteret eg landa på fann eg i bloggen til Jorunn;
Heim og Hjertero. Eg fulgde ikkje siste aukerunde, då den vart stor nok til snupp utan.

Og eg kom i MÅL!  ★ ★ ★
Oooog....no smugkikkar eg på andre hekleprosjekt på nett!
Kanskje var det eit norsk OL-press på heklenålen som skulle til!  ツ hi-hi....vel vi får sjå.....Kameler er faktisk mogleg å svelge! -Heilt ned!

Ellers har det vore strikking av sokker og luer før og i vinterferien, skal ta bilder å legge dei ut òg.
Men no er det fredagskvelden og det skal bli ein fryd å ha på litt anna enn OL på tv'n i kveld. Ser fram til Nytt på nytt.... ツ




1 kommentar:

  1. Ojojoj hekling! Kom da noe godt ut av å svelge kameler....

    SvarSlett