onsdag 29. januar 2014

Lommetøfler

I helga var det lommetøfler som igjen stod for tur.
Måtte ha noko fort og enkelt før eg fekk tak i nytt garn til eit anna prosjekt, så då 
var det passeleg å finne fram ein bunt med Drops Lima garn, akkurat nok til eit par lommetøfler.
Er så fornøgd kvar gong eg kan legge til noko i gåvekorgen ♥ ツ


Det florerer mange oppskrifter på nett, dei fleste nokså like. Kor eg har funne oppskrift veit eg ikkje lenger, og trur eg har sett litt her og der. Opphavskvinne er vel vanskeleg å 
finne ut av så eg poster berre oppskrifta slik eg gjer det:

Lommetøfler

Garn: Lima, Drops
Pinnenr. 4
Legg opp 6 masker
Strikk frem og tilbake, 2 riller
Fortsett med riller, men øk 1 maske innenfor første maske i 
begynnelsen av kvar pinne til du har 22 masker
Doble så maskeantallet ved å øke 1 m i kvar maske = 44 m
Strikk 14-15 cm vrangbord (2 r 2 vr)
Strikk så sammen to og to masker slik at du halverer maskeantall til 22 igjen.
Begynn på rillene igjen og fell 1 m på begynnelsen av kvar pinne (to sammen) 
til du igjen har 6 m på pinnen.
Strikk 7-8 riller, tilpasse lengde over foten, fell av.
Sy sammen den smale remsen med der arbeidet starta.
Brett arbeidet og sy saman ved hel og tå.
Ser no ut som ei lita veske, men blir som ballerinatøffel når den kjem på foten!
Pynt med knappar, sløyfe eller som her med ein hekla blomst ✿
Slik eg gjer det med strikket over foten kjem skøyten på sida, det er gjort slik med tanke på at eg vil ha blomsten på sida i staden for oppå.
Eg klarar å få akkurat nok garn til eit par på eitt nøste, men det er litt nervepirrande på slutten kvar gong om det går! Har gått bra til no ツ
Eg nyttar denne forklaringa her når eg heklar blomsten:
(Eg har brukt tynnare restegarn til heklinga)






søndag 26. januar 2014

Fotoleik

 Har vore ut og leika meg litt med kamera i dag òg.
I dag heilt ned på bakkenivå...

 Foto under vann, men med kamera tørt!
 Vatnet har frose og så trekt seg vekk under isen, 
det gir ein stilig effekt når ein kjem seg heilt ned på bakken!
Då kan ein ta bilde over og under vann på ein gong utan å vere
 redd for vått kamera! 

Ser nesten ut som ringer i vann, i såfall frose vann!

 "Hundis" er med på tur, ho er like nysgjerrig som meg, vi stikk
nasa vår ned i alt begge to, så vi er gode kompisar på tur ツ



 "Selfie"

 Det er skikkeleg luftig her hos oss, så det gjeld å kle seg godt!
Vårleg, men med kraftig austavind så kjennes det mykje kaldare ut
enn kva temperaturmålaren seier. Den seier 0 grader, men vi måler 
vind mellom 10-19 m/s, då er det KALDT!


 Nokre plassar i skogen var det likevel råd å finne ly for vinden,
då er det nydeleg å vere ute. Fantastisk å kunne gå på bar, men frosen 
bakke. Då går det som ein leik å forsere myrane
 Ein stolt gammal furu med "beina" godt planta i bakken

 Konglane på edelgranen i hagen er skikkeleg flotte no!



søndag 19. januar 2014

Bølgene blå...

Det er ganske så vindfullt her hos oss for tiden, 
når austavinden tar er den godt merkbar, og det frister ikkje 
veldig å gå ut når vinden går gjennom marg og bein.
Vi tok oss likevel ein tur med bil og gikk ut litt her og der for å knipse 
litt, måle litt vind og kjenne på vêret.
Her ved Holsavatnet, vinden målte 14-15 m/s
 -Holsen-

 Iskunst, laga av bølger, vind og kuldegrader.
Naturen har leika seg først og eg leikar meg med kamera.


 Frå Rørvikfjellet

-Haukedalen-


lørdag 18. januar 2014

Fire nye huer



 Innimellom jobb, møter, trening mm og i påvente av forsyning av nytt garn har eg strikka  nokre fleire huer til nyfødde som skal sendast til Leger Uten Grenser. 
Har laga eit innlegg tidlegare om dette prosjektet og framgangsmåte på huene, det finn du HER
Har fått brukt opp litt restegarn i Merino Ekstra Fine, det er mjukt og godt i merino og superwash.
"Mønster og design" har blitt til undervegs med dei restane eg hadde og fri utfaldelse av kreativitet ;)


 Då er åtte luer på veg til Leger Uten Grenser ❤




søndag 12. januar 2014

Vinter ❄

 Endeleg vart det vinter!
Det har sjølvsagt vore fint med mildvêr og tørt på vegane,
men eg likar at det lysnar med snøen!
Så i dag måtte eg ha med med kamera på spasertur og fange lyset.



 Om det fortset med kaldvêr, slik det er meld, er det gode håp for skøyteis...

 Tre med litt snø på kan lage dei mest fasinerande kunstverk

Nyklipt hund
Trur både eg og hunden var glad for å komme oss ut i snøen etter at klippejobben var gjort!
Det gjorde seg med frisk luft!


fredag 10. januar 2014

Nytt kjøkken ★ ★ ★

Ikkje nytt kjøkken, men likevel nytt! 
Vi rakk akkurat å bli ferdige med fornying av kjøkkenet før jul, ja for det er jo rett tid å starte med oppussing i desember...  ツ
Vi har ein stund visst at noko måtte vi gjere, og fór ein draum å få kvitt kjøkken til ein skal ta fram juleraud pynt! (Den gamle fargen var ingen suksess med raudt til...)

Kjøkkenet vårt er no 12 år og ikkje noko galt med skrog og innmat, men lakken var byrja å gå i oppløysing rundt handtaka spesielt, dei områda ein er mest borti med hendene.
Lakken var blitt mjuk og kunne pirkast av med neglen, eit mareritt å vaske då kluten hang fast og heller ikkje særleg fint å sjå på.
Vi har fått vite at det ikkje er eit ukjend problem med beisa og lakka treflater...
Uansett, fabrikk og produsent eksisterer ikkje meir så ingen hjelp å hente der.
Spørsmålet vart då om vi skulle bytte ut ALT (DYRT!)
Eller om vi skulle få skifta ut dører og fronter,
eller skulle vi begynne å male??? (skrekk og gru)


Vi har nokre naboar som har fått malt sitt kjøkken hos ein lokal produsent av kjøkken og bad; 

Det såg veldig bra ut, så vi fann ut at  vi ville sjekke ut den moglegheiten. 
Det er vi veldig glad vi gjorde!

Kvitt kjøkken har stått på ønskelista ein stund, så vi grubla ikkje på kva farge vi skulle ha.
Vi fekk pris og heiv oss rundt, det vart ein del arbeid med å skru av alle fronter, dører, handtak og hengsler, og så vaska vi ned alt. Alle deler vart så levert inn og berre nokre få dager etterpå var alt klart! Kjempebra service og eit fantastisk flott resultat!
Kjøkkenet er så godt som nytt!


Vi måtte sjølv male nokre flater, inni glass-skap, på dekksider og rundt øya, det gjekk fint, men er veldig glad for at det ikkje var meir vi skulle male...

 Resultatet vart over all forventning!

 Når vi først skulle fornye, valgte vi å skifte ut vifta/hetta. Vi måtte ikkje, men eg har aldri vore fornøgd med avtrekket på den gamle, og så synast vi denne var såå stilig når vi likevel har svarte "kvitevarer" ツ og svart benkeplate i stein, så valget vart enkelt, og vi angrar IKKJE!
Hetta er i bua svart glas frå Røroshetta.
Den svarte dyre benkeplaten var aldri noko tema å skifte ut, den er vi veldig 
godt fornøgd med, og den kom jo mykje betre til sin rett no! 
Alle handtaka er òg dei vi hadde frå før.

Vi kosar oss med nytt kvitt kjøkken, og angrar ikkje eit sekund på at vi gjekk for denne løysinga.
Det er blitt lyst og trivelig, lett å kombinere med andre fargar, lett å vaske og ikkje til å kjenne att!
 No er det berre å få skifta ut golvet (til grått ツ) 
Det er i bestilling så vi nermar oss!!!
Juuuuuhuuu!!!!
*
Til slutt ein stor TAKK til Jølster Bygg for ein fantastisk flott jobb!


onsdag 8. januar 2014

Huer til ein god sak ❤ Leger Uten Grenser


I dag tidleg såg eg på FB at Leger Uten Grenser tar i mot huer til nyfødde, teksten lød slik:

"Strikker du? Temperaturregulering hos nyfødte er mangelfull. Derfor tar våre Feltarbeidere gjerne med seg noen hjemmestrikkede luer til nyfødte, når de reiser ut på oppdrag. NB! - dette gjelder kun til NYFØDTE - strikk gjerne i et behagelig garn - gjerne i litt ulike str, men skal passe nyfødte. - har du strikket mange luer, kan du gjerne strikke noen sokker også. Men, luer er prioritet. Vi har ingen ordning for opphenting, så vi ber derfor vennligst om at luen/r blir levert/sendt til vårt kontor i Hausmannsgt 6, Oslo. Det er mange måter å være med på å redde liv 
 På forhånd takk, og bare spør i kommentarfeltet om det er noe du lurer på.
 - Pia og Solveig Ansvarlige for ustendelse av Feltarbeidere"
Eg fann ut at her var det berre å hive seg rundt og hjelpe, samtidig som eg kunne få brukt opp litt smårester! Eg var likevel utan garn til det eg hadde tenkt å begynne på no, så det passa bra!
Det er kjekt med strikk som går fort, det kan eg like.
Og for ein glede å kunne vere med å bidra til ein god sak!
Desse fire huene er altså dagens produksjon!
Det skal seiast at eg har hatt fri i dag altså! Men eg har likevel hatt tid til å gå tur, lage middag, vaske kle, lage LCHF brød, leksehjelper og pleie ein pjuskete tenåring....

 Denne var den første eg laga, og som er utgangspunkt for størrelse og maskeantall for dei andre huene.

Oppskrift:

Anitas Nyfødd Hue
Garn:  Drops Merino Extra fine
Pinne: 3,5 eller 4
Legg opp 60 m, strikkes rundt på liten pinne
Første omgang strikkes rett.
Andre omgang: 4r 2vr  ut omgang
Gjenta disse to omgangene
Strikk til arbeidet måler ca 12cm
Fell slik:
2r - 2r sammen ut omg.
1 omg rett
1r - 2r sammen ut omg
1 omg rett
2 r sammen ut omg
Dra tråden gjennom maskene som står igjen (15)
Stram og fest tråden

Desse er laga med same antall masker, men med litt dikting av mønster av dei restane eg hadde, her har eg brukt rettstrikk på heile huen unnateke nederst.
No er eg ganske klar for å legge opp til ein til! ツ
-Og du: fint om du linkar til meg om du bruker same oppskrift, og veldig kjekt om du vil legge igjen ein kommentar hos meg, slik at eg kan finne og sjå di utgåve!
Her har du altså sjangsen til å få brukt litt restegarn til ein god sak!
Heng deg på då vel! 


søndag 5. januar 2014

Steinansikt

Dette barneansiktet i berget oppdaga eg ved ein tilfeldighet for nokre få veker
sidan, då hadde eg berre med meg mobilkamera, så no var det tid for å 
komme seg ut i dagslys å ta nokre betre bilete.
Utruleg kva naturen får til!
Det ligger tett att med vegen eg til stadigheit går, men denne dagen oppdaga eg det
sånn plutseleg, og synast det er rart eg ikkje har sett det før...
I dag var snekkermannen med, men trur du han såg det?
Nope!
Eg måtte bort å peike og vise og forklare,
og det einaste han såg var ......................ein BAVIAN!
Er det mogleg???
Til slutt såg han kva eg meinte....og no mens eg såg på bilda klarte eg å sjå apen eg òg,
men eg vel å gå for barneansikt!

Biletet til høgre er slik det ser ut frå vegen, titter på oss mellom trestammene!
Eg blei _LITT_ overraska første gong!

To gode venner på tur.
Vi opplever ikkje akkurat nokon vinter her for tida, 
men derimot mildt og fint, og i tillegg tørt, så det er fint å komme seg ut i naturen
for å lufte seg. Men ein skulle ikkje tru vi er i januar...
Det kjekkaste for tida for desse to er gøymeleik.
Sofie gøymer seg og hunden er heilt i hundre når ho får springe å finne ho, og 
det er ho heilt rå på, utruleg kjekt å sjå på!



Mildt og fint  med 8 varmegrader, men også rimeleg luftig på våre kantar om dagen!
På tur hadde vi med vindmålar i dag, den viste opp i 17,4 m/s!
Store variasjonar, for ved huset vårt berre eit par hundre meter herfrå, var det nesten heilt stille!
Leiketøy? -oh yes!