søndag 24. november 2013

✪ Neonlue med vri ✪

 Lue med vri etter oppskrift fra Litlo & Kalen

Mønsteret går slik (kopi frå Litlo & Kalen):

 Strikkefastheten er på 20-22 masker og anbefalt pinnenummer 3,5 til 4.

Legg opp 76 (68 er brukt på barnestørrelse) masker laust på rundpinne nr. 4. Start direkte på mønsterrapporten (v = vrang og r= rett) og strikk så langt du ønskjer. Mine huer er om lag 25 centimeter lang når fellinga startar.
Felling: strikk to og to masker saman i to omgangar, klipp av tråden, snurp saman og fest tråden.
v r r v
v r r v
v v r r
v v r r
r v v r
r v v r
r r v v
r r v v
Strikkediagrammet skal lesast i same retning som du strikker. Det vil sei at diagrammet vert lest nedanfrå og opp og at du begynner første linje frå høgre mot venstre.
*
 Eg endra litt på masketall då det vart for lite med det som stod i mønsteret.
Eg valgte neongarn "Standard No.1" Det er eit 100% akrylgarn. Vanlegvis ikkje eit førsteval hos meg med akryl, men var ute etter neonfarge i denne tjukkelsen, så då fall valet på dette garnet, 
og det er iallefall kløfritt!  ツ
Her hos oss i Førde sel dei det på Bokuben/Panduro
Eg måtte legge opp 84 masker på pinne nr 4
Synast passformen på denne huen er ganske så fin, så no har eg ein på pinnene til meg sjølv, 
men i eit anna garn, så får eg håpe den blir bra òg!

 Jenta mi er modell, men huene skal under eit juletre.... hysj...
Om du strikker av denne oppskriften link gjerne til opphavskvinnen;

Her er førjul-stemningen så smått begynt å snike seg inn i huset...
Har faktisk fått unna litt julebakst dei siste dagane, 
så då kan eg kose meg med god samvittighet med strikketøyet
I år har eg sett adskilleg lavere krav til meg sjølv når det gjeld alt som skal
forberedast til jul, det blir nok mindre heimesnikra på alle måter, 
ingen deltakelse på messer og då forhåpentleg mindre stress!
Litt heimelaga blir det under treet, men berre som attpåting eg har lyst
 og tid til å lage framover, med andre ord; berre kos!
Så gjenstår det å sjå om planen held...hi-hi ツ

lørdag 23. november 2013

Fleire kort

 Slenger med nokre fleire kort som ikkje har vorte med tidlegare
 i haust her på sida. Så her kjem eit lite bilderas.


Det har vorte mykje sommarfuglar....



 Nokre lommetøflar gjekk i posten her i forrige veke.
Det er like morosamt kvar gong uinnvidde får desse og lurer 
på kva dette er for noko! ツ
Forslaget denne gong var eggevarmar!!! Ha-ha!
 
Ha ein fin laurdagskveld!
(>‿◠)✌

søndag 10. november 2013

Kort til 50-åring!

 I går var vi invitert i lystig lag til ein femtiårsjubilant!
Kortet vart eit skikkelig stjernedryss...

Det var ein skikkeleg trivelig feiring der gjestane var bedt med hatt og bart

-det kan fort ende opp slik.....

Min bedre(?) halvdel og eg...
Litt moro må ein ha...  ツ



lørdag 2. november 2013

★Genser og kort til 2-åring ★

 Genser til 2-åring, strikket i Drops Nepal.
Inspirasjon fann eg hos  Hespetre
Mønster er frå Sandnes Mix 0802 barn, det er eit utgått hefte så 
mønsteret ligg gratis tilgjengelig på nett HER, og lastes ned som PDF
I heftet er den laga i mørkeblått (mønster nr.9) og er ganske anonym 
(les: kjedeleg, der flettemønsteret ikkje viser ...)

 Originalt garn er Alfa, men eg valde å bruke Drops Nepal på pinnenr 5,5
Då måtte eg opp 2 størrelser for å få rett vidde, lengde som oppgitt i mønster til 2 år. 
Halsen har eg laga i rillestrikk i staden for rett/vrang
Enkel og god guttegenser til vinteren...
-Og eit raskt prosjekt å ha på pinnene!

 Kort laga i full fart i dag tidleg...

 Heldigvis hadde eg malt motivet tidlegare ツ