søndag 18. august 2013

Mange jern i ilden...

 -Halmstad-

I morgon er det tilbake til kvardagen for fullt att for heile familien. Bak oss ligg 
sommaren og ferie,  no er det minna som gjeld. 
Det er nye milepæler for ungane, eldstemann skal starte på ungsomskulen 
og frøkna vår skal opp i storskulen. Spennande dagar i vente!
Før kvardagen tek meg i morgon, med nistepakkar og bokpapir, vert det eit lite innlegg med litt av det som har stått på tapetet i det siste, mange jern i ilden...
*
Siste del av ferien vår var vi i Sverige, bilde øvst er frå Halmstad på vestkysten. Må nok sortere ut litt fleire feriebilder etterkvart og ta med. I dag får det halde med dette eine.
Men litt meir Sverige får vere med. Endeleg vart det seg slik at eg fekk oppfyllt eit stort ønske!
Vi ferierar mykje i Sverige, men aldri har det passa at vi har fått det til, no endeleg vart det tur til Borås, med innlagt stopp! For dei som er _litt_ inne i kortverden veit nok kvar eg vil hen no :)
Joda, i Borås ligg nemleg "Hovudkvarteret" til Magnolia!!!
Eg var nokså happy over at vi skulle vere i fleire dagar, frå laurdag til tysdag, så no måtte det verte ein råd!
Eg kan sei med ein gong; Det heldt på å bli KRISE!
Eg gjekk inn på nettet for å sjekke beliggenheit og opningstider, og eg trudde knapt det eg såg;
Stengt mandagar og opent  frå 12.00 på tysdag....(vi skulle reise kl. 9.00 tysdag for å rekke Liseberg!)

 Heldigvis hadde eg vet nok til å søke opp lokala, slik i tilfelle, og på døra der kunne eg konstantere at dei hadde sommaråpent på mandagar...
Pjuh! Det hadde no vore utgjort å vere såå nære...
Det var utruleg kjekt å få sjå butikken live, og å få tusle rundt i himmelen ein stund!
*L Y K K E*
 -Kan anbefalast!-

 Eg har sjølvsagt hatt med meg strikk i ferien, det er obligatorisk, prosjekt til meg sjølv denne gang!
Det tar nok si tid før det er heilt ferdig, så det er berre ei sniktitt enno...


Heime har vi helde på med litt ommøblering og tilrettelegging på loftstova vår. Ungane har ikkje så store rom at dei kan ha alt slag av tv og sofaer,
så då var det tid for å gjere litt meir ut av loftstova slik at det også passar tenåringen å ha besøk der. Litt nytt har vi ordna, veggane skal malast og sjølvsagt er eit større tv på ønskelista...
Så vert det nok bra til slutt :)
Litt lesestoff må ein også ha i ferietida. I løpet av campingferien las eg "Orkidèens hemmelighet", 
den var utruleg god. Har hatt den liggande ein stund, og den skuffa ikkje.
No er eg starta på denne av Kate Morton. Eg har lest dei tre forrige bøkene hennar, og dei har vore fantastisk gode! Denne fjerde har fått utrulege kritikkar, og eg hadde store forventningar.
Eg er no komen ein fjerdedel, men er ikkje heilt sikker på om eg synast at denne innfrir...
Vi får sjå...

 Til slutt får eg ta med nokre ankelsokkar som har vorte til i løpet av sommaren.
Godt å ha ull til kalde kveldar, anten det er i campingvognteltet, eller når haustmørket no sig på...
Begge para er stirkka i Viking Sportsragg. Under to nøste til kvart av para, 
og når nøsta kostar 15,- pr stk, blir det ikkje dyre sokkane!


Dette vart eit skikkeleg *hummar og kanari* innlegg  ヅ
Men sånn er jo livet òg, litt miks av det eine og andre krydrar kvardagen!


onsdag 7. august 2013

Kroatia - Primosten

Lenge sida det har vore oppdatert noko her no!
Det skyldast ferie og at vi bla har vore på ein fantastisk fin tur til Kroatia!
Øvste bilde er frå kvelden vi kom og synet som møtte oss når
vi kom køyrande til Primosten, der vi skulle bu!
Gjett om vi vart imponert!
(om du klikker på bilete, får du dei større og kan bla igjennom)

-og Primosten skuffa ikkje!
Det var ein utruleg idyllisk plass og vi berre storkosa oss!
Primosten ligg ca ein time nord for Split.
Advarsel: Her kjem eit bilderas! :)

Stranda, var litt spent på kva eg synast om stein og ikkje sand,
men det var jo berre utruleg praktisk!

Kontrastar...

Utanfor leiligheten vår.





Når ein ikkje har med seg bok på stranda, kan ein 
jo lage litt mosaikk i staden...

På køyretur til ein plass litt frå der vi budde; Rogoznica



Her er vi i Trogir

-Trogir-

-Trogir-

Tilbake på Primosten









Det var nokre FANTASTISKE solnedgangar!

Kyrkjegarden, som var utruleg flott!

Primosten; ein nydeleg plass, vi kjem heilt sikkert tilbake!