tirsdag 4. juni 2013

Tenåring

 Bloggen har verkeleg ikkje vore prioritert i det siste.
Fleire grunnar til det sjølvsagt, ein av dei er at vi har hatt tenåringsbursdag i huset! 
Kor tiden flyr, guten er vokst mor over hovudet allereie og ingenting som minner om liten gut lengre. Til hausten er det ungdomskulen som ventar, ein ny milepel...
Men i allefall, her er kortet som eg ikkje hadde tid til å lage, men som blei til likevel... ;)
Enkelt til ein tenårimg utan for mykje dill!
Pengekort, då pengar og sparing til ny mobil stod øverst på lista i år.
Innsida har eg på eit eller anna vis gløymt å ta bilde av....
Stressa...? Mogleg det.....

Ellers er det mykje anna som eg har hatt plan om å blogge, men tida fyk av stad, 
og vêret har vore for fint til å bruke foran skjermen,
eg har stort sett stått på hovudet i eit blomsterbed
og er heilt fornøgd med det!
Når det endeleg vart vår vart det mykje å gjere på ein gong! 
...og no ventar eg ikkje på våren lengre, på tide å skifte ut "headingen" på sida her ser eg...
Ha ein fin kveld/ natt ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar