søndag 24. mars 2013

Innhaldsrik dag...



I dag har gressenka vore på oppdagelsesferd.
I staden for å gå aleine, spurde eg mor mi om ho ville vere med på tur. Kjekt for oss begge med selskap, og oppdagelsesferd likar vi! 
Eg har eit kne som streikar litt, men som er under behandling no, men eg har foreløpig forbud mot opp- og nedover bakkar, noko som er ein utfordring når ein bur på Vestlandet...
Men vi tok no beina fatt, i lag med to ivrige hundar, og ja, det var ikkje lenge før 
vi var midt opp i nokre bakkar...
-sjølvsagt-
Vi fann ut vi skulle gå opp på Fredheim, ikkje så langt unna der eg er vakse opp faktisk, 
men her har eg aldri vore opp og sett.
-Og tru det eller ei, dette er faktisk barndomsheimen til bestenor mi!
Utruleg kjekt å sjå! 
Huset er ikkje i familien, men dei som eig her held på med oppussing, med mål om å få det meir tilbake til slik det var tidlegare!
Så utruleg kjekt å sjå, håpar i grunnen på ein invitasjon til å få sjå inn seinare... :)

Her er  fantastisk flott utsikt, skjønar godt at bestemor mi savna den.

 Heilefjellet

   Reknar med at dette er eit gammalt kvernhus som har stått her sidan bestemor mi var ung, og som sikkert var i bruk då. Besta var fødd i 1900, så om det stod her då, er det ikkje av nyare dato...

 Etter turen, med innlagt pause til kaffi og mørk sjokolade, tok vi fatt på ein særs viktig oppgåve...
Hunden til mor mi trengte seg ein klypp, så det var berre å skride til verket!
Ho er 11 mnd og var blitt skikkeleg langhåra, så det var berre å sette i gang med maskina. 
Til å vere første gang ho blir maskinklypt gjekk det ganske bra. 
Mor mi holdt og klappa på ho, mens eg klypte...Ho var ikkje heilt villig, men så lenge ho ikkje såg skikkeleg kva som gjekk føre seg, gjekk det greitt...
Litt av ein forskjell vart det i allefall! 
Må nesten flire litt, kan knapt tru det er same hunden....


 Nå eg kom heim att i kveld tok eg desse to bilda. 
Øvste er teken mot kveldssola i vest, og bilde under er teken samtidig når eg snudde meg mot aust!

Ein flott start på påsken.
*
No er resten av familien komen heim att frå skihelg på Strandafjellet, skikkeleg fornøgde,
så no er vi  tilbake til normalen og klar for å kose oss i lag i påska,
-skal bere jobbe eit par dagar først...

1 kommentar:

  1. Flotte bilder og anlegg til å bli en dyktig hundefrisør:)

    Riktig god påske!

    SvarSlett