søndag 31. mars 2013

Traa-hue og fjell...

 For ei tid sidan starta eg på ein hekla hue til eldstemann, for det MÅTTE vere hekla!
Problemet er berre at eg er ingen heklar og kjem nok aldri til å bli det, det er berre å innsjå at det er ikkje meg.....skulle sjølvsagt ønska det, men finn meg ikkje til rette med det...
Så då var det berre å rekke oppatt halvveges...
Etter mykje leiting på nett etter noko som kanskje kunne godkjennast av brukar, endte eg opp med denne som vert kalla Traa hue. Oppskriftsforklaring fann eg her hos NIKO
Strikka fram og tilbake som riller, ser nesten ut som eit sitteunderlag før eg starta å sy i hop.
Veldig enkel og grei sak å strikke!
Og best av alt:
OPPDRAG GODKJENT!
 

I dag blir det "innedag"
Vi har hatt eit fantastisk vêr, som dei fleste andre, og har vore på ski kvar dag, men i dag er det skya med litt snø i luften så no blir det å kose seg inne med påskeegga i dag! :)
Nokre bilde frå skiturar i påska:








Ha ein fin påske vidare!


tirsdag 26. mars 2013

Påskehelsing


 Eit par små påskegåver må til....
To små frøkner i Ålesund har fått påskehelsing av tante; pynta papirposer med litt
 heimestrikka og litt påskegodt oppi.


Posene er pynta med ymse papir og malte motiv. Stempla med Magnolias Tilda og malt med Distress.
Bokstavane i namna er stansa ut i mosegummi.
Papirposene er gjenbruk, og papira er frå "lageret", tenk at eg har kun har brukt av ting eg hadde frå før! Godt å få brukt av det ein har liggande... :)



Noko av innhaldet var strikka lommetøflar til jentene.

 
 Litt detaljar frå motiva
Kjekt med vårlege fargar og motiv!



Då er endeleg påskeferien i gang for meg òg! 
Juuuuhuu!
I det nydelege vêret vi har, er det ikkje fritt for at kroppen var svært klar for påskemodus no...





søndag 24. mars 2013

Innhaldsrik dag...



I dag har gressenka vore på oppdagelsesferd.
I staden for å gå aleine, spurde eg mor mi om ho ville vere med på tur. Kjekt for oss begge med selskap, og oppdagelsesferd likar vi! 
Eg har eit kne som streikar litt, men som er under behandling no, men eg har foreløpig forbud mot opp- og nedover bakkar, noko som er ein utfordring når ein bur på Vestlandet...
Men vi tok no beina fatt, i lag med to ivrige hundar, og ja, det var ikkje lenge før 
vi var midt opp i nokre bakkar...
-sjølvsagt-
Vi fann ut vi skulle gå opp på Fredheim, ikkje så langt unna der eg er vakse opp faktisk, 
men her har eg aldri vore opp og sett.
-Og tru det eller ei, dette er faktisk barndomsheimen til bestenor mi!
Utruleg kjekt å sjå! 
Huset er ikkje i familien, men dei som eig her held på med oppussing, med mål om å få det meir tilbake til slik det var tidlegare!
Så utruleg kjekt å sjå, håpar i grunnen på ein invitasjon til å få sjå inn seinare... :)

Her er  fantastisk flott utsikt, skjønar godt at bestemor mi savna den.

 Heilefjellet

   Reknar med at dette er eit gammalt kvernhus som har stått her sidan bestemor mi var ung, og som sikkert var i bruk då. Besta var fødd i 1900, så om det stod her då, er det ikkje av nyare dato...

 Etter turen, med innlagt pause til kaffi og mørk sjokolade, tok vi fatt på ein særs viktig oppgåve...
Hunden til mor mi trengte seg ein klypp, så det var berre å skride til verket!
Ho er 11 mnd og var blitt skikkeleg langhåra, så det var berre å sette i gang med maskina. 
Til å vere første gang ho blir maskinklypt gjekk det ganske bra. 
Mor mi holdt og klappa på ho, mens eg klypte...Ho var ikkje heilt villig, men så lenge ho ikkje såg skikkeleg kva som gjekk føre seg, gjekk det greitt...
Litt av ein forskjell vart det i allefall! 
Må nesten flire litt, kan knapt tru det er same hunden....


 Nå eg kom heim att i kveld tok eg desse to bilda. 
Øvste er teken mot kveldssola i vest, og bilde under er teken samtidig når eg snudde meg mot aust!

Ein flott start på påsken.
*
No er resten av familien komen heim att frå skihelg på Strandafjellet, skikkeleg fornøgde,
så no er vi  tilbake til normalen og klar for å kose oss i lag i påska,
-skal bere jobbe eit par dagar først...

fredag 22. mars 2013

...snart påske...

 Då har påskefargane så smått begynt å innta heimen hos meg...
Vert ikkje det heilt store, men litt må ein ha.






















Eg er skikkeleg gressenke i helga då mann og ungar er reist på Strandafjellet for å stå på ski.
Eg skal jobbe i morgon, så eg er heime og skal kose meg i mitt eige selskap, ja i lag med hunden då...

Litt selskap av nokre påskekyllingar har eg òg!


Å kose seg betyr sjølvsagt strikketøy, og no er eg heilt klar for ein herleg fredagskveld
med nettopp strikketøyet, hunden og gullrekka på tv!
Ha ein super kveld du òg!


søndag 10. mars 2013

Ankelsokkar

 Då vart det eit par ankelsokkar på meg i helga!
Slik kan det gå når ein går tom for garn til det ein held på med og desperasjonen er eit faktum!
Eg var innom Europris med ungane for å handle laurdagssnop i går, og då låg det to bunter att med "Labbbetuss-raggegarn" der, det kunne jo ikkje verte anna enn ankelsokkar av det.
Det passa meg utmerka, for eg har tenkt eg skulle strikke meg fleire av desse, berre 
diggar ankelsokkar! -Ikkje noko som strammar eller klør oppetter leggen, og heller ei kjem dei i konflikt med at dei anten skal oppunder buksa eller baksast utanpå!
Herlege fargar, klar for våren!
Hvis disse ikkje er med på å smelte snø, så veit ikkje eg! :)

 Testa ut noko nytt (for min del), å strikke rille på kanten av helen, det var i grunnen veldig lurt!
Enkelt å plukke opp maskar, som eg forøvrig gjer med heklenål (det vert finast), kanten vart veldig jamn og fin på dette viset, så det skal eg gjere meir av!


Ha ein super vekestart!


torsdag 7. mars 2013

Regnbuesokker

Har strikka "regnbuesokker", mars-sokken, etter sokkalongen på Skaperglede (Facebook).
Har strikka i Drops Karisma, pinne nr.4.
Sokken kan dragast oppover leggen, då kjem meir mønster fram, eller den kan ligge i slike 
"pølser" nedover. Vart ikkje heilt fornøgd med mønsteret  nede på foten. Eg har nok stramma litt for mykje i trådane her. Snuppa var ikkje heilt tilfreds med at ho kjende for mykje til mønsteret. Eg var i utganspunktet skeptisk til meg og mønster og mykje trådskifte på ein slik plass, så eg angrar på at eg ikkje lagde dei einsfarga, eller i allefall utan mønster. Trur dei hadde blitt vel så fine utan mønster òg.
No spørs det om dei blir liggande ubrukt.......

Vel, på tide å komme seg i seng....




onsdag 6. mars 2013

Takke-gåve...

 Då er sirkelsokkene eg strikka for litt sidan gitt vekk.
Og slik vart dei gitt vekk, med litt koseleg "innpakning"

 Sjølv om det var takk for lån av ei bok  til mammaen, er nok sokkane til den lille prinsessa.

Motiv er malt på akvarellpapir med Ink Distress.





 Sokkane har eg blogga om før  HER